Forbodne bøker


I oktober markerast Forbodne bøker-veka på Arbark. Konseptet har opphav frå USA, der Banned books week har vore arrangert sidan 1982 etter at bibliotekarar opplevde utfordringar med sensur i deira arbeid. Sidan 2024 Universitetet i Oslo tatt initiativ til å lage ein norsk markering.

Arbark ønskjer i år å vera med på å løfte fram litteratur som av ulike grunnar har vore bannlyst og sensurert i forskjellige kontekstar, med utgångspunkt i vår samling. I våre hyller finst det fleire døme på bøker som har blitt beslaglagt, sensurert eller plassert på lister over forbodne bøker.



Hans Jæger og Frå Kristiania-bohemen (1885)

Hans Jæger var ein sentral skikkelse i den såkalla Kristianiabohemen på 1880-tallet. Etter fleire år til sjøs som ung mann, reiste han til hovudstaden for å studere filosofi og ta artium som lærar i 1874. Under filosofistudia vart han påverka av Hegels fornuftstro og Johann Gottlieb Fictes rettsfilosofi og fridomsidealar, som ein kan sjå tydelege spor av i hans hovudverk Fra Kristiania- Bohemen som kom den 11. desember 1885. Boka vart beslaglagt med ein gong og Jæger dømt til bot og 60 dagar i fengsel. Sjølv om den juridiske årsaka for dommen i hovudsak var bokas pornografiske innhald, var det nok vel så skjerpande at boka var samfunnskritisk og avvisande til etablerte moralske normer.

Placeholder image
Hans Jægers Forsvarstale.


Placeholder image
Hans Jægers siste ord i Bohemsagen - eller - den tale, som ikke blev holdt i Høiesteret.

Placeholder image
Den frisinnede studentforeningens foredrag og diskussioner II. Om pressefrihedens grænser[...]


Beslaglegginga fekk stor merksemd og førte til ein debatt om pressefridom og kunstens plass i samfunnet. Jæger vart tatt i forsvar av det radikale miljøet i hovudstaden og av sentrale kulturpersonar som kunstnar Christian Krohg, som sjølv opplevde å få sin samfunnskritiske roman Albertine beslaglagt same år. Året etter fekk Jæger trykt opp eit nytt opplag av boka, no med det uskyldige omslaget Julefortællinger af H.J. som forkledning. Han flykta så til Paris, men kom tilbake sommaren 1888 og måtte inn i ei ny runde med dom og soning.


Krigstid 1940-1945

Krigstid og tysk okkupasjon er eit kapittel for seg sjølv når det kjem til sensur her til lands. Under okkupasjonsmakta og Nasjonal samling vart det publisert eigne lister over bøker, forfattarar og forlag som var forbode og som skulle beslagleggast. På desse lange listene finn ein namn på forfattarar og forlag, mange med jødisk bakgrunn, skribentar med tydeleg antifascistiske haldningar eller kjende personar frå arbeidarrørsla, som Martin Tranmæl, Rolf Hofmo og Rosa Luxemburg. Det dukkar også opp namn på skjønnlitterære forfattarar som Aksel Sandemose og Nordahl Grieg.

Hos Arbark var det ei viss frykt for at den tyske okkupasjonsmakta skulle få ekstra auge på institusjonen på grunn av koblinga til Arbeiderpartiet og venstresida, og med det risikere å få beslaglagt viktige dokument og materiale i samlinga. Dåverande leiar Henrik Hjartøy var framsynt nok til å gå for ei midlertidig namneendring til Fagbevegelsens arkiv. Logoar vart endra på inngangsparti, stempel og konvoluttar. For å vera ekstra sikker vart også ekstra verdifullt materiale pakka ned og flytta ut av lokala i Folkets Hus. Det vart midlertidig plassert rundt omkring på gøymestader i og utanfor Oslo. Avgjerda om å endre namn skal ha gjort at Arbark fekk vera ganske så i fred under krigsåra, og ifølge Hjartøy kom alt bortgøymd arkivmateriale trygt på plass att etter krigen.


Hjartøy i biblioteket
Henrik Hjartøy ved skrivebordet i Arbarks lokaler i Wilses gate 1, 1946.
Foto: Ukjent / Arbark


Agnar Mykle og Sangen om den røde rubin (1956)

Hausten 1956 gav Agnar Mykle ut sin tredje og antakeleg mest kjende roman Sangen om den røde rubin. Romanen krinsar rundt den unge studenten Ask Burlefot, som flyttar til Bergen for å gå på Handelshøgskulen. Ask er ein kunstnarsjel som elskar musikk, litteratur, sosialisme og ikkje minst kvinner. Nettopp dei mangfaldige skildringane av erotiske eventyr var det som førte til at boka vart konfiskert og forbode i 1957.

Fra rettssaken mot Mykle
Agnar Mykle i retten, september 1957
Foto: Arbeiderbladet / Arbark

Myklesaken skulle bli ein av dei mest omfattande rettsprosessane som var vore i norsk litteraturhistorisk samanheng. Medieomtala var også massiv. Det heile enda likevel med at forfattaren, Gyldendal forlag og redaktør Harald Grieg vart frifunne i høgsterett den 9. mai 1958.


Sensur i moderne tid

Kvinner i kamp, forside
Foto: Sølvi Bennett Moen / Arbark

Sensur og forbod høyrer ikkje berre fortida til, i alle fall ikkje i internasjonal samanheng. Marta Breen og Jenny Jordahl har skrive og illustrert boka Kvinner i kamp frå 2018, som tar for seg kvinnevegelsens mange kampar gjennom historia. Då boka skulle ut i Russland opplevde dei å bli spurt om kapittelet om lesbiske og homofile kunne fjernast. Då forfattarane ikkje ville gå med på dette vart den i staden pakka inn i plast og merka med 18-års aldersgrense. I skrivande stund er boka fjerna heilt frå hyllene, og den russiske utgivaren, Cappelen Damms samarbeidsforlag, har opplevd razzia og arrestasjonar. Same boka møtte på utfordringar då ho skulle ut i USA. Der fekk illustratør Jordahl beskjed om at ho måtte dekke til teikningar av nakne kvinnebryst frå den seksuelle revolusjonen på 1960-talet.



Motivasjonen for sensurering kan ha mange innfallsvinklar. I Libanon er Anne Franks dagbok forbode i på grunn av «portrettering av jødar, Israel og sionisme positivt,» medan i USA er han fjerna frå enkelte skulebibliotek på grunn av erotisk og deprimerande innhald. I Hviterussland er fleire av Svetlana Aleksijevitsj sine bøker blitt flagga som ekstremistisk litteratur. Hennar dokumentarserie Utopiens stemmer, som blant anna omfattar Historien om det røde mennesket og Bønn for Tsjernobyl, er på grunn av dette blitt ramma av sensur.

Ljudmila Ulitskaja er ein russisk skjønnlitterær forfattar som i 2010 ga ut Det store Grønne teltet. Romanen handlar om dei siste 30 åra av Sovjetunionen og eit KGB som gjer alt i sin makt for å halde dissidentar nede. Handlinga startar den dagen Stalin dør i 1953 og følgjer tre vener som veks opp med kvar sine kreative interessefelt. Den eine med talent for fotografi, den andre for musikk og sistemann med poetiske evne. Alle tre følgjer kunstnarkallet som vaksne, noko som skal vise seg å få store kostnadar i eit samfunn prega av overvåking, angivarkultur og undertrykking av kreative, kritiske krefter. Boka skal visstnok i dag vera fjerna frå Russiske bokhyller og vanskeleg å få tak i. Forfattaren har levd i eksil i Tyskland sidan 2022.





Tekst: Erle Flage





Fleire forbodne bøker i vår samling:


Krigen har intet kvinnelig ansikt, Svetlana Aleksijevitsj

Det annet kjønn, Simone De Beauvoir

Mein kampf, Adolf Hitler

Den gylne notatbok, Doris Lessing

Det kommunistiske manifest, Karl Marx

1984, George Orwell

Sataniske Vers, Salman Rushdie

Onkel toms hytte, Harriet Beecher Stowe

The Spanish Civil War, Hugh Thomas





Kjelder:


American Library Association: Most Challenged Books | Banned Books

Arbeiderhistorie: Arbeiderbevegelsens arkiv og bibliotek gjennom 100 år (2008)

Beslaglagte bøker, Norge i krig: liste over de bøker, forfattere og forlag som var forbudtunder krigen (1995)

Heger, Anders: Agnar Mykle og Norge (Gyldendal 1994)

Ipsen, I.I.: Anarkisten Hans Jæger (Norges Ungsoc. Forbunds Forlag 1920)

NRK: Bokbrev #11 Forfatter Ljudmila Ulitskaja rømte fra Russland – Siss Viks bokbrev (2023)

Store Norske Leksikon: Agnar Mykle – forfatter – Store norske leksikon (2025)

Store Norske Leksikon: Hans Jæger – forfatter, bohem og anarkist (2025)

Svenska Pen: Lista över förbjuden litteratur — Svenska PEN

Sølvberget bibliotek: Forbudte bøker (2025)

Sølvberget bibliotek: Forbudt for barn (2018)

Universitetet i Oslo: Forbudte bøker-uka Norge - Universitetsbiblioteket



















Publisert 05.10.2026